Har du ein Bokidé?

Går du svanger med å gi ut ei bok? Sunnmørsbøker har bistått eit titals bøker der vi har hjelpt kunden frå design oppsett og trykking av boka. Om du har behov for forfattarhjelp kan vi formidle kontakt.

Nokre tips

  • Vel deg eit skriveprogram og jobb jamt med å skrive manuset. Ta deg tid til revisjon og redigering for å gjere teksta betre
  • Unngå unødvendige formateringar som tabellar, skrivestilar m.m
  • Etter at manuset er ferdig, er det viktig å få manuset redigert og korrekturlest

Utkast til omslag og design

  • Vi hjelper deg med å designe eit tiltalande omslag for boka di. Omslaget er ofte det første lesarane ser, så det er viktig med eit godt framside-design
  • Vi hjelper deg også med bokdesignet, inkludert typografi og layout. Eit godt design kan gjere leseopplevinga betre

Marknadsføring og sal

Uansett korleis du vel å gje ut boka di, er marknadsføring viktig. Du og boka er den viktigaste marknadsføraren, og i kraft av deg sjølv og boka du representerer har du alt fleire sal. Dei lokale bokhandlarane er takknemlige for lokale bøker. Ta kontakt med dei for sal. Osberget tilbyr også sal av boka i vår nettbutikk.

Dedikert og profesjonell

Hugs at prosessen med å skrive og gi ut ei bok kan vere utfordrande og tidkrevande, men mest av alt er det svært givande. Det er viktig å vere dedikert og profesjonell gjennom heile prosessen for å oppnå best mogleg resultat.

Lukke til!

Gå til toppen